torsdag 25. september 2008

Onsdag 24.september


i dag var me pä endä ei kjekk utflukt. Me reiste först med toget til Heidelberg og tok bussen vidare til Schwetzingen. I Schwetzingen besökte me eit stort slott. Det vart i eldre dagar bygd som sommarbustad for ein greve som styrte i Tyskland pä 1700-tallet.
Pä slottet vart gruppa delt i to. Kvar av gruppene fekk omvisning i slottet. Det var ganske intressant ä höyra om korleis dei adelege levde i eldre dagar. Me laerte alle noko nytt.

Etterpä hadde me litt fritid i byen för me skulle reise vidare. Somme brukte tida til shopping, medan andre spaserte rundt i den ENORME hagen som tilhöyrte slottet. (utrulege 74 mäl stor.)

Seinare reiste me med buss tilbake til Heidelberg. Der kunne me velja om me ville pä shopping eller pä sightsing. Dei fleste av oss valgte overaskande nok ä gä pä shopping (noko som alle mä innrömma at er heilt fantastisk, det er nett som om me ikkje kan fä nok av det!?!) , men ryktene seier ogsä at dei som gjekk pä sightsingtur ogsä hadde det kjempekjekt! =D

I femtida reiste me attende til Darmstadt og vertsfamiliane etter nok ein hard, men samstundes spanande og ikkje minst laererik dag!

Ingen kommentarer: